Hjem
Hjem Kretssider Skoler Bibelcamp Linker Kalender Kontakt
Utfodringar i lys av kyrkjesituasjonen.

Forbundsstyret gjorde dette vedtaket om kyrkjesituasjonen i sitt møte 5. januar 2008 (første møte etter kyrkjemøtet):
 

VEDTAK:
1. Forbundsstyret takkar for det som er gjort av generalsekretæren og hyrderådet i samband med vurderingane av kyrkjesituasjonen etter kyrkjemøtet sist haust. Forbundsstyret beklagar sterkt den legitimering av bibelstridig lære som er vedteke av fleirtalet både i kyrkjerådet, bispemøtet og til sist i kyrkjemøtet. Godkjenning av homofilt og lesbisk samliv er klart i strid med Bibelen si rettleiing og den lutherske vedkjenninga sine rammer for åndeleg samfunn og einskap. (Jfr. 1Kor. 9:6 og CA 7-8).

2. Det er heilt klart at desse vedtaka har konsekvensar for personar og misjonsorganisasjonar sitt tilhøve til den offisielle kyrkja enten det skjer gjennom formell utmelding eller åndeleg brot med dei som lærer vrangt. Forbundsstyret bed om at det i det vidare arbeidet med denne situasjonen både i ImF og i kontakt med andre organisasjonar og grupper som ønskjer å følgja ein bibeltru kurs, blir lagt til rette for at folk kan inviterast til bibel- og vedkjenningstru fellesskap og slik få hjelp til å unngå forkynning og fellesskap med kyrkjelydar der vrang lære og liv har plass.

3. Forbundsstyret bed om at ein særleg vurderer ulike alternativ for personar og forsamlingar som ønskjer fullstendige alternativ til medlemskapen i Den norske kyrkja.

4. Forbundsstyret reknar med at arbeidet med alle desse spørsmåla blir ein del av arbeidet med revisjonen av ImFs strategi- og handlingsplan og førebuinga til Rådsmøtet komande haust og ImFs generalforsamling sommaren 2009.

5. Forbundsstyret oppmodar misjonsfolket til mykje forbøn for land og folk i denne vanskelege åndelege situasjonen, og forbønn for oss som misjonsleiing om at vi kan ha visdom frå Gud å staka ut ein kurs i tråd med Guds ord.

 

 

 

 
Indremisjonsforbundet, Søre Bildøy, 5353 Straume Tlf.: 56 31 42 40 Faks: 56 31 42 41 E-post: imf@imf.no
Aeston